Velkommen til Frivilligfestivalen på laurdag!

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Laurdag 10. september markerer vi Frivilligheitsåret 2022 i Oseana kunst- og kultursenter. Vi skal feire Noregs viktigaste lagarbeid!

Over 50 frivillige lag og organisasjonar frå Bjørnafjorden deltar, og du kan få ein smakebit av alt lagslivet i kommunen vår har å by på. Kanskje blir du inspirert til å prøve noko nytt saman med andre?

Frivilligfestivalen 2022 

  • Laurdag 10. september, kl. 12-16
  • Oseana kunst- og kultursenter 
  • Gratis og ope for alle. Velkommen!

  Frivilligfestivalen er ein del av Frivilligheitsåret 2022. Les meir

Grip denne unike moglegheita til å sjå kva aktivitetar, tilbod og fellesskap du som innbyggar i Bjørnafjorden kan ta del i.

Massevis av aktivitetar

I tillegg til stands med hyggelege folk og god informasjon, blir det musikalske innslag og dans. Du kan teste orienteringsevnene dine eller ballkjensla, ro oselvar i sjøen og teste romaskin på land. Frivilligfestivalen byr òg på bålkos, speiding, fiske, gjenbruksbutikk, veteranbilar, seglfly og mykje meir. Utlånssentralen BUA Bjørnafjorden er til stades for å vise og informere om alt tur- og fritidsutstyret du kan låne - heilt gratis.

Raust og attraktivt

Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping - og frivillig innsats er avgjerande for at vi skal få det til. I Frivilligfestivalen sitt eige "politiske hjørne" kan du diskutere både dette og andre samfunnsspørsmål med lokalpolitikarane våre.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Du er hjarteleg velkommen!

Frivilligfestivalen er eit samarbeid mellom Os frivilligsentral, Fusa frivilligsentral og Oseana kunst- og kultursenter

Logo for Os frivilligsentral - Klikk for stort bilete    Logo Fusa frivilligsentral - Klikk for stort bilete