Velkommen til hagefest i Os prestegard

Prestegardshagen har fått ein hekk av frukttre, bærbuskar og plantekasser. Ikkje så mykje frukt enno, men berre tenk kor bra det kan bli! Ragnhild Stende Bjaadal

Laurdag 29. oktober klokka 13 inviterer Bjørnafjorden kommune til opning av folkehagen ved og ikring prestegarden på Os. 

Prestegardshagen har fått frukttre, bærbuskar og plantekasser - alt er lagt til rette for at hagen skal vere ein levande oase for folk, fuglar, insekt og dyr.
Her ligg òg nokre av dei eldste bygningane i kommunen, som har husa prestar heilt sidan 1350. Desse husa har fått æra av å vere dei første bygga i kommunen med blå kulturhistorie-skilt. Dørene er opne under hagefesten.

Det blir bollar og saft, arkitektur- og kulturhistorie, historiske leikar og levande permakultur. Alle er hjarteleg velkomne!

Program

Os prestegard, laurdag 29. oktober 2022, klokka 13

  • Ordførar Trine Lindborg opnar hagen.
  • Kultursjef Erik Vangsnes fortel om prestegardshusa og planen for framtidig bruk.
  • Landbruksrådgivar Heidi Gaustad fortel om ideen bak og meininga med folkehagen.
  • Leiar i Fortidsminneforeningen Bjørnafjorden, Ingebjørg Astrup, fortel om blå skilt-prosjektet før skilta blir avduka.
  • Paktaren og Borgstova er opne for publikum.
  • Prøv stylter, hestesko og sprettepinn. 
  • Historisk quiz.

 

Den "nye" prestebustaden frå 1925. Bak til høgre ligg Borgstova som var prestebustad frå 1350, vegg i vegg med Glasstova, som overtok som prestebustad frå 1650. Ragnhild Stende Bjaadal

Prestebustadar gjennom 670 år

Borgstova og Glasstova (eller Paktaren) og hovudbygningen har på initiativ frå Fortidsminneforeningen sitt lokallag i Bjørnafjorden fått blå skilt på ytterveggen. Blå skilt representerer kulturhistorie i kortform, og fortel om ein bygning, ei historisk hending eller person som er knytt til staden. Det er ei ære å bli tildelt eit blått skilt, og lokallaget med leiar Ingebjørg Astrup i spissen, har lagt ned mykje arbeid i å få dette til. 
Skilta blir offisielt avduka av ordføraren på hagefesten.
Husa har fått ei oppgradering det siste året, og du er velkommen innom for å sjå kor fint det er blitt.

Folkehagen - til glede og nytte

Prosjektet "Folkehagen" er ein del av oppgraderinga av uteområdet ved Os ungdomsskule og Os Aktiv, og vidare mot kunstgrasbanen på parkeringshuset. Landbrukskontoret, i samarbeid med kultureininga og prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune, har laga ei grøn lunge til glede og nytte for alle. 

​​

I desse plantekassene kan du dyrke og hauste din eigen mat. Ragnhild Stende Bjaadal

Dyrk og haust din eigen mat

Det er planta eple-, pære- og plommetre inn mot ungdomsskulen. Dette er økologiske tre av høg kvalitet, planta i eit espalier-/hekksystem for å gjere det enklare å plukke frukta, i tillegg til å halde mikroklimaet riktig. Folkehageansvarleg ved landbrukskontoret, Heidi Gaustad, fortel at det òg er planta bærbuskar, humle og minikiwi. Skulane og andre interesserte, kan bruke plantekassane til å dyrke og hauste mat.

Ein god stad å vere for alle

Hagen er ein permakulturhage - det vil seie basert på lokale, stabile og produktive system i balanse med naturen. Hagen skal kunne klare seg med svært låg ressursbruk og fruktene haustast med lågast mogleg innsats.
Han skal vere tilgjengeleg for barne- og ungdomskuleelevane i nærleiken, i tillegg til brukarar av dagsenteret Kontakto, som held til i prestebustaden.
Hagen skal vere ein god stad å vere for alle, både vekster, insekt og folk.

Prestegardsbygningane er nokre av dei eldste husa i kommunen, og har no fått "blå skilt" på initiativ frå Fortidsminneforeningen Bjørnafjorden.. Skilta blir offisielt avduka på hagefesten. Her kan du òg høyre meir om bygningane og besøke dei. Ragnhild Stende Bjaadal