Velkommen til opning i Vinnesholmen

Onsdag 5. juni kl. 19 blir det offisiell opning av det nye sørvisbygget i Vinnesholmen, med talar, song, kaffi og kaker. Alle er velkomne! 

I det nye grindabygget kan besøkande til Vinnesholmen nyte matpakken under tak, med vakkert fjordutsyn. Nybygget har to sanitærrom, med toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. 
Ordførar Terje Søviknes står for snorklipping og høgtideleg opning av bygget, etter sanginnslag ved Victoria Bakka og helsing frå kultursjef Erik Vangsnes. 
Friområdet Vinnesholmen er kommunal eigedom, og blir drifta av Vinnesholmen Kystlag med primus motor Roger Hoel i spissen.