Velkommen til veghistorisk kveld

Byvegen og Osbanen ved Hetleflåtvatnet og Storestraumen på 1920-talet. Lauritz Johan Bekker Larsen/Lokalhistorisk arkiv

Torsdag 27. oktober klokka 19 inviterer Os sogelag og kultureininga i Bjørnafjorden kommune til eit forspel til vegopninga for ny E39 med veghistorisk kveld i Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro.

Ny veg - ny tid

Ny veg mellom Os og Bergen vil bli ei ny tid for samferdsla og reisande.
Vegopninga som skjer måndag 31. oktober blir ei historisk hending. Sjølve opninga er ein ny milepåle i ei lang historisk utvikling av kommunikasjonar, og resultat av eit mangeårig arbeid både for vegplanleggarar og politikarar.

Veghistorisk kveld - eit forspel til opninga av nyevegen

Torsdag 27. oktober klokka 19.
Tunet kyrkje- og kultursenter, Osøyro

Gratis inngang. Alle er velkomne!

Arrangørar er Os sogelag og Bjørnafjorden kommune i samarbeid med Folkeakademiet Os.

​​

Program 

  • Lokalhistorikar Åsmund Lien fortel om utviklinga av samferdsla siste 200 åra, frå sjø til bane og landeveg.
  • Tidlegare vegdirektør i Statens vegvesen, Olav Søfteland, vil snakka om den kronglete vegen fram – om meir enn 60 år med planlegging for å få ny veg til «bydn».
  • Prosjektleiar i Statens vegvesen, Kelly Nesheim Iversen, vil gje ein kort presentasjon av milliardprosjektet som truleg er Noregs mest moderne veganlegg.

Programleiar for kvelden er kultursjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes. Han vil òg leia ein avsluttande samtale med dei tre inviterte innleiarane.

Her kan du òg sjå ei veghistorisk utstilling med vekt på eit rikt fototilfang frå lokalhistoriske arkiv i Bjørnafjorden.