Verdsdagen for psykisk helse 2025: Dette skjer i Bjørnafjorden kommune

“Vi må styrke vår psykiske beredskap” er tema for årets markering av verdsdagen for psykisk helse. Bli med på ei rekke styrkande arrangement i september og oktober. 

Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse som blir markert av tusenvis over heile landet mellom veke 39 og 42 kvart år.

Dette skjer i Bjørnafjorden i haust

Måndag 22. september

kl. 12.30 Opning i Os frivilligsentral

Foredrag: “Vi må styrke vår psykiske beredskap”, ved kommunepsykologane Siren Jerman Bjørstad og Hans Drange Blytt

Musikalsk innslag ved Anna Neset.
Anna er ein songar og låtskrivar frå Os. Ho har tidlegare gitt ut to album på engelsk, og har det siste året gitt ut fleire låtar på norsk. I tekstane har ho fokus på psykisk helse, utanforskap, kjærleik og medmenneskelegheit.

Enkel servering.

Tysdag 23. september

kl. 10-14 Open dag på Livskvalitet ski- og sykkelverkstad.

Onsdag 24. september

Arrangement for ungdom, Ung Arena. 

Tysdag 30. september

kl. 17.30 Foredrag med Morten Sommerbakk, kantina på Os ungdomsskule
Morten Sommerbakk er erfaringsformidlar ved Huset Bergen – eit brukarstyrt hus for personar i aktiv rus og under behandling. 

+ Venneveko i veke 40

Les meir om Venneveko

Torsdag 30. oktober

kl. 17-19 “Skriving som eit kraftfullt verktøy for personleg vekst og utforsking av kjensler og levd liv”. Skriveverkstad med Solveig Johanne Grønstøl, Bjørnafjorden hovudbibliotek. Påmelding på biblioteket si heimeside 

Les meir om skriveverkstaden

Alle arrangement er gratis og opne for alle. Du er hjarteleg velkommen!

Når endringar skjer, når usikkerheita veks, eller når livet tar uventa vendingar – korleis står vi best rusta?

Psykisk beredskap handlar om vår evne til å tole det vi ikkje har kontroll over, å kjenne våre eigne grenser – og våre eigne ressursar. Det handlar om det vi bygger rundt oss av tryggheit, fellesskap og strukturar som gjer det lettare å stå i motgang.

Årets kampanje i samband med Verdsdagen for psykisk helse inviterer til felles innsats for å styrke den psykiske motstandskrafta vår i ei uroleg tid.

Les meir om årets kampanje på Tema 2025: Vi trenger å styrke vår psykiske beredskap | Verdensdagen for psykisk helse