Årets tv-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Bergen, Tromsø, Trondheim og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet får behandling.
Saman skal vi bidra til at
• familiar ikkje blir splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset.
• barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien hos seg i behandlingsperioden.
• foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølve og kvarandre.
• søsken blir inkludert, sett og tatt i vare.
• familiane kan finne ro og leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.
Treng 200 bøsseberarar
- For å dekke heile Bjørnafjorden treng vi om lag 200 bøsseberarar. Det er enkelt å registrere seg som bøsseberar på tvaksjonen.no. Vi håpar mange vil vere med og gå med bøsse, seier Stine Kobbeltvedt, dagleg leiar for Os frivilligsentral.
Skuleløp og næringsstafett
Dei siste åra har skular i Bjørnafjorden samla inn mykje pengar til til TV-aksjonen, blant anna gjennom skuleløp. Så langt har seks skular meldt inn at dei vil arrangere skuleløp i år. Vi håpar endå fleire blir med!
Næringslivet i Bjørnafjorden har òg tradisjon for å bidra til TV-aksjonen. Ordførar Terje Søviknes er leiar for kommunekomiteen, og skal saman med leiar for næringsrådet Christian Bruarøy arrangere næringsstafett. Tysdag 15. oktober frå klokka 13 set ordføraren og næringsrådet i gang ringerunden til næringsdrivande i kommunen. Dei har tru på god respons.
Har du spørsmål om TV-aksjonen i Bjørnafjorden? Ta kontakt med Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral, eller Cecilie Matland i Fusa frivilligsentral.