Trass i namnet er Verdsdagen for psykisk helse ikkje ein dag, men ein kampanje som strekker seg over fire veker, frå veke 39 til og med veke 42.
Forskninga er krystallklar: den viktigaste og mest avgjerande kjelda til meining i livet er dei sosiale relasjonane våre. Altså korleis vi har det med dei rundt oss - heime, på skulen, på fritida, på jobb.
Årets kampanje oppmodar til å “Gi 8 minutt” til andre. Set av 8 minutt kvar dag til å ringe nokon du bryr deg om. Det er enklare enn du trur, og betyr meir enn du anar.
Fellesskap og inkludering
Å kjenne at vi betyr noko for andre, er avgjerande for å kjenne at livet har meining. Gode relasjonar til andre beskyttar oss når livet er vanskeleg, og gjer oss meir motstandsdyktige mot effektane av negativt stress.
Heile 44 prosent i Norge er plaga av einsemd, i større eller mindre grad. Ein av fem opplever at dei ikkje har nokon å vende seg til når dei går gjennom noko vanskeleg.
Les meir på verdensdagen.no