Vi ønsker oss fleire lærarar og fagarbeidarar!

Bjørnafjorden kommune lyser no ut nær 40 stillingar på 12 ulike skular, med søknadsfrist 2. mars.

Her kan det vere noko for deg, anten du 

  • er lærar eller fagarbeidar 
  • er på utkikk etter fast jobb eller vikariat
  • vil jobbe i heil eller delt stilling
  • trivst best på barne- eller ungdomstrinnet 
  • ønsker deg til ein stor eller liten skule 

Elevane våre veit i alle fall akkurat kven dei håpar å møte på skulen kvar morgon (sjå filmen).   

Her finn du alle dei aktuelle stillingane. 

Les og søk! Velkommen skal du vere.