Vi treng kvarandre. Løft blikket og kom innom oss på måndag!

Velkommen til markering av verdsdagen for psykisk helse, måndag 10. oktober!

Einsemd og utanforskap er sentrale utfordringar for den psykiske folkehelsa.

Vi har alle eit grunnleggande behov for å høyre til og vere del av eit fellesskap. Men det kan vere vanskeleg å kjenne at ein høyrer til og trengst i eit samfunn kor det er så lett å kjenne seg mislukka og utanfor.

Tema for årets markering av verdsdagen for psykisk helse er nettopp dette at vi skal sjå kvarandre, ta kontakt, komme saman og gi kvarandre støtte når det røyner på. Les meir på verdensdagen.no

Tilsette i Bjørnafjorden kommune som jobbar med psykisk og fysisk folkehelse vil, bokstavleg talt, benke seg (under tak) utanfor Dragesetbygget på Osøyro, frå klokka 11 til 15, måndag 10. oktober.

Leiar for avdeling for psykisk helse og rustenester, Maria Therese Bjørdal, står bak markeringa. Ho har fått med seg Samira Øvreeide Engelstad, som har vore aktiv i lokale og sosiale medium i haust med sitt engasjement for betre psykisk helsehjelp. I tillegg vil fleire fagpersonar frå ulike område vere innom standen i løpet av dagen.

Du er hjarteleg velkommen bortom til ein kaffikopp, litt snop og ein god prat. Vi gler oss til å sjå deg!