Rebecca Schieldrop og Mona Tysseland Hetleflåt er fysioterapeutar i kommunen.Balanse og styrke gir tryggleik i kvardagen
Mange opplever med åra at balansen blir dårlegare eller kroppen kjennest meir ustø. Då kan kvardagen sakte men sikkert bli meir avgrensa.
- Det å kjenne seg trygg i eigen kropp er avgjerande for å leve eit fritt og aktivt liv. Heldigvis går det an å få betre balanse og styrke gjennom enkel trening, seier Hetleflåt og Schieldrop.
-
Kva er Sterk og stødig?
Sterk og stødig er styrke- og balansetrening i grupper, tilpassa vaksne over 65 år som kjenner seg litt meir ustøe enn før, eller som merkar tidlege teikn på funksjonssvikt. Treninga gir betre balanse, meir styrke og ikkje minst større tryggleik i kvardagen.
-
Kven passar Sterk og stødig for?
Sterk og stødig er for deg som
- er over 65 år
- bur i eigen heim
- i hovudsak klarer deg sjølv i kvardagen. Du kan til dømes ha hjelpemiddel, tryggleiksalarm eller matlevering, men ikkje heimesjukepleie.
- kan gå utan hjelpemiddel innandørs. Det er nødvendig fordi treninga føregår ståande og gåande på ein trygg måte.
- opplever endringar i bevegelsesfunksjon eller kjenner deg ustø i enkelte situasjonar
Vil du bli instruktør?
Sterk og stødig har sidan starten for 20 år sidan gitt livsglede og meistring til tusenvis av eldre over heile landet. 150 norske kommunar har fått i gang Sterk og stødig-trening. Meir enn 1000 frivillige instruktørar bidrar, og meir enn 10 000 deltakarar møter kvar veke opp til trening som gjer ein reell forskjell.
Hetleflåt og Schieldrop er sikre på at det finst mange potensielle instruktørar i Bjørnafjorden, det gjeld berre å få kontakt med dei.
Kurs i mars, og oppfølging undervegs
- Instruktørane får opplæring, og vi i fysioterapitenesta følger dei opp. Som instruktør leier du ei treningsgruppe ein gong i veka. Du treng ikkje stille kvar veke – fleire instruktørar kan dele på ansvaret, og det er rom for fleksibilitet, seier Hetleflåt og Schieldrop.
Det blir instruktørkurs i mars, med to heile kursdagar og ein halv dag med praktisk gjennomføring.
På sidene til Nasjonalt senter for aldring og helse kan du lese meir om Sterk og stødig.
Meiningsfullt og sosialt
Dette er ei unik moglegheit til å vere i fysisk aktivitet sjølv, samtidig som du gjer ein meiningsfull innsats for menneske i nærmiljøet ditt.
- Du treng ikkje tidlegare erfaring med å leie grupper. Det viktigaste er at du likar å vere i rørsle, møter folk med varme – og har lyst til å spreie tryggleik og treningsglede, seier Mona Tysseland Hetleflåt og Rebecca Schieldrop.
Dei understrekar at Sterk og stødig er meint å vere eit viktig supplement i kommunen sitt samla treningstilbod for seniorar, men det erstattar ikkje treningssenter eller behandlingstilbod.
Lurer du på noko? Ta kontakt!
Kunne du tenke deg å bli instruktør, eller har du spørsmål? Lat oss ta ein uforpliktande prat. Du kan ringe oss. Mona: 94005568 Rebecca: 47693325, sende oss ein e-post , eller fylle ut namn og telefonnummer i felta under og trykke Send inn, så tar vi kontakt med deg.