Vil du ha sommarjobb i Bjørnafjorden? No har du sjansen!
Bjørnafjorden kommune lyser no ut etter sommarvikarar i helse- og velferdstenestene i 2024. No har du sjansen til å prøve deg på Luranetunet, Fusa bu- og behandlingssenter, og på legevakten, for å nemne noko.
Kommunen er på jakt etter sommarvikarar til
- Legevakt
- Luranetunet bu- og behandlingssenter
- Fusa bu- og behandlingssenter
- Heimetenester
- Tilrettelagte tenester
- Psykisk helse- og rustenester
Kommunen er særleg på jakt etter sommarvikarar som er i ferd med å utdanne seg innan helsefag, men oppmodar alle som er engasjerte, trygge, omsorgsfulle og har interesse for å arbeide med menneske til å søke.
Søknadsfristen er 12. desember 2023.
Sjå heile utlysinga
Sjå plakaten (PDF, 520 kB).

Publisert av Elisabeth Farstad
Sist endra 29.01.2024 13:35