Vis solvett!

Bruk solkrem med faktor 30, solbriller og ta pause frå sola. Statens strålevern - Nyt sola, men unngå å bli solbrent, oppmodar kreftkoordinator i Bjørnafjorden kommune, Sigbjørg Eriksson.

Sol er bra for helsa i små mengder, men rundt 9 av 10 tilfelle av hudkreft i Noreg har samanheng med for mykje intens sol og solarium. UV-strålane kan dessutan gi tidlegare rynker og pigmentflekkar, nedsett immunforsvar, snøblindheit og augesjukdomen grå stær.

Førebygging er viktig

Melanom/føflekkreft er blant kreftformane som aukar mest i Noreg, og vi er eitt av landa i verda med flest tilfelle. Slik treng det ikkje å vere, for vi veit mykje om korleis vi kan førebygge både melanom og annan hudkreft.

No er det faktor 30 som gjeld

- Sol og solarium aukar risikoen for hudkreft, sjølv om du ikkje blir solbrent. Følgjer du solråda, har du mykje lågare risiko for føflekkreft og annan hudkreft. Råda er litt endra frå tidlegare. Den viktigaste endringa er at vi no er anbefalte å bruke solfaktor 30, ikkje lengre faktor 15, seier Eriksson.

Følg solvettråda

  • Ta pausar frå sola
  • Bruk klede, solhatt og solbriller
  • Bruk solkrem med minst faktor 30
  • Unngå solarium

Kjelde: Kreftforeningen

Velkommen til stand på Fjord'n senter på torsdag!

Du finn kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson og andre tilsette i Helsefremming og rehabilitering på stand ved Vitus apotek på Fjord'n senter, torsdag 7. april kl. 14-16.

Kom innom for informasjon om solvettreglar og gode vanar.