Yrkesfiskar? Kan vi få leige deg og båten din?

  • Bjørnafjorden kommune vurderer å søkje nærings- og fiskeridepartementet om midlar til eit fiskeprosjekt for ungdom. 
     

Er du yrkesfiskar? Kunne du tenke deg å ha med deg og lære opp ungdom i fiske, og slik rekruttere til næringa? 
Då vil vi gjerne komme i kontakt med deg.

Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som er:

  • Fiskar med registrert fartøy, og eventuelt mannskap, som har dei nødvendige sertifikata og løyva til å ta ufaglært ungdom med på fiske. 

Dersom du har dette på plass, kan vi vere interesserte i å leige deg og båten din i inntil fire veker i skuleferien (24. juni-11. august 2024).

Oppdraget går ut på:

Leiga vi betaler skal dekke driftskostnadane dine. Vi dekker ikkje lønn til deg, mannskap eller ungdommane. 
Det er ein føresetnad at ungdommane blir lønte etter vanleg praksis i bransjen.

Slik melder du di interesse

  • Send oss ein e-post kor du fortel litt om deg sjølv og båten. 
  • Oppgi total leigepris per veke, og dokumentering av at fartøy og mannskap har nødvendige sertifikat og løyve til å ta ungdom med på fiske.

Send på e-post til: Andris Hamre, aham@bjornafjorden.kommune.no innan 23. februar 2024.

For eventuelle spørsmål, ta kontakt på samme e-postadresse eller telefon 479 06 111

Atterhald:

Føresetnaden for at Bjørnafjorden kommune set i verk ordninga, er at vi får leige båt og mannskap, at det er ungdommar som er interesserte og at kommunen blir løyvd midlar frå nærings- og fiskeridepartementet si ordning for kommunalt ungdomsfiskeprogram.