Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
Søk jobb
Du kan finne og søke på ledige stillingar på Arbeidsplassen (nav.no) og Finn.no
Arbeidsavtale
Det er viktig at du får ein skriftleg arbeidsavtale, der følgande opplysningar skal vere med:
- Namn på arbeidsgivar og arbeidsstad
- Beskriving av arbeidsoppgåvene
- Oppstart, arbeidstid og arbeidsperiodar
- Lønn og godtgjersle
- Oppseiing
- Eventuelle tariffavtalar
Skatt
Når du begynner å jobbe i Noreg, er det viktig at du å snart som mogleg bestiller skattekort.
Bestill skattekort på www.skatteetaten.no Om du tener 70000 kroner eller mindre i løpet av året, kan du bestille frikort og treng då ikkje betale skatt.
Sjå informasjonsvideoar om skatt på fleire språk på Skatteetaten.no
For meir informasjon når det gjeld arbeid, skatt og rettar i arbeidslivet:
Arbeidstilsynet
Nav.no