Å leve og bu i Bjørnafjorden

Å leve er meir enn utdanning og arbeid. Det handlar òg om å knytte kontakt med andre menneske, finne «sin» plass, vere aktiv, ha det kjekt og godt i kvardagen og å oppleve at ein bidrar og betyr noko. 
I Noreg står frivilligheita sentralt, og mange er aktive i foreiningar og organisasjonar der dei gir av si tid, kunnskap og erfaring, og får gode relasjonar og eit fellesskap tilbake.  

Under finn du informasjon om ting du kan vere med på i kommunen vår. Vi håpar du finn noko du trivst med! Kanskje finn du ein ny hobby og nye venner?  

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Faste arrangement 

  • Språktreff på Os bibliotek: annankvar fredag, kl. 12.30-14. 

Her kan du møte frivillige og lære norsk. Deltakarar i introduksjonsprogrammet er òg med.

  • Språkkafè i Tunet: ein torsdag i månaden, kl. 17-19.  

Her lærer du norsk gjennom den gode samtalen over ein kopp kaffi. Språkkafè i Tunet er for heile familien og er eit samarbeid mellom Os Kyrkjelyd, Norsk folkehjelp i Os og Norske Kvinners Sanitetsforening i Os. Datoar blir annonserte i kalenderen til Os Kyrkjelyd.  

Arrangement spesielt for eldre/pensjonistar: 

  • Rusletur med DNT: kvar torsdag, kl. 11-13. 

Friskus - Rusleturar, eller aktiv til 100 - Arrangement 

  • Seniorkafé på Os Eldresenter: kvar måndag, onsdag og fredag kl. 10-14.

Kjøp kaffi og mat for ein billig penge.  

  • Seniordans på Os Eldresenter: kvar onsdag kl. 12-14.  
  • Trening for seniorar på Os Eldresenter: kvar måndag og fredag, kl. 10.30-11.  

Der er òg trimrom i kjellaren på eldresenteret, der du kan trene på eigahand alle kvardagar kl. 9-15. Ta kontakt med Flyktningtenesta for å få kode og tilgang.