Ønskjer du å arrangere noko for/med flyktningar i kommunen vår? Her er viktig informasjon til deg

Mange tar kontakt med oss i Flyktningtenesta i samband med arrangement og aktivitetar retta mot flyktningane i kommunen vår. Det er vi veldig glade og takksame for!
Det følgjer ofte ein god del administrasjonsoppgåver med eit arrangement. For å sikre godt samarbeid og ei vellukka tilstelling, har vi nokre retningslinjer for alle frivillige som ønskjer å arrangere aktivitetar for flyktningar:
 

Dette gjer Flyktningtenesta:

Flyktningtenesta i Bjørnafjorden kommune har ansvar for mottak, busetting og oppfølging av flyktningar, i samsvar med overordna nasjonale retningslinjer og gjeldande lovverk. 
Vi har dessverre ikkje kapasitet til å i tillegg organisere og administrere eksterne arrangement og aktivitetar. Flyktningtenesta har heller ikkje høve til å stille med tilsette på eksterne arrangement utanom arbeidstid.

Flyktningtenesta og andre aktuelle kommunale einingar spreier gjerne informasjon om arrangement til brukarane våre, og hjelper med råd og svar på spørsmål de måtte ha.

Arrangørar står sjølve for:

  • Påmelding og oppfølging av påmeldte
  • Transport
  • Eventuell tolk

Tusen takk til alle dykk som stiller opp og gjer ein innsats for at andre skal ha glede av - og i - lokalsamfunnet vårt!