Barsel: oppfølging dei første dagane etter fødsel

I Bjørnafjorden kommune har vi nærjordmorsenter på Osøyro og i Eikelandsosen. All barseloppfølging skjer på Osøyro nærjordmorsenter. Her kan jordmor følge opp deg og barnet dei første sju dagane etter fødselen. 

Slik følger vi opp deg og barnet ditt

Vi tar kontakt med deg innan klokka 12 første arbeidsdag etter at du og barnet er komne heim. Deretter avtaler vi neste kontakt. For at tida vi har saman skal bli nytta på best mogeleg vis, er det viktig at du seier frå om kva du ønsker hjelp til, slik at vi kan tilpasse oppfølginga til deg og barnet ditt.
Jordmor set av tid til å svare på spørsmål.

Frå barnet er sju dagar, vil helsesjukepleiar følge opp barnet ditt og deg.

Ring nærjordmorsenteret om du ikkje høyrer frå oss innan klokka 12 første arbeidsdag etter at du og barnet er komne heim. 

Lang reiseveg?

Barselkvinner som har lang reiseveg, kan velje å bli på sjukehuset til nødvendige prøver og undersøkingar er gjort av barnet, 48-72 timar etter fødselen. Dei som reiser tidleg heim, kan anten komme tilbake til sjukehuset for ta prøver/undersøkingar av barnet, eller få barseloppfølging på Osøyro nærjordmorsenter.

Kontakt oss på Barseltelefonen

Barseltelefon 

Ring 46 82 77 54 kl. 12–15, måndag til fredag

  • Helg og heilagdagar er nærjordmorsenteret stengt. Ved behov kan du då ringe barseltelefonen på Kvinneklinikken: tlf. 414 99 042
  • Ved akutt sjukdom: ring 113
Nyttig informasjon

Brosjyre om barseloppfølging i Bjørnafjorden kommune (PDF, 2 MB) 
Her finn du òg kontaktinformasjon til jordmor og nærjordmorsenteret. 

Tips og råd som kan vere nyttige den første veka etter fødselen. (PDF, 433 kB)

helsenorge.no/gravid finn du nyttig informasjon medan du førebur deg på fødsel og tida etterpå.