Fysioterapi for barn og ungeBarn og unge med motoriske vanskar, nedsett funksjonsevne eller smerter og plager frå muskel-skjelett systemet kan få undersøking og vurdering av barnefysioterapeutar i kommunen. Vi treffer barnet i lokala våre på Luranetunet (Os) eller Fusa bu-og behandlingssenter, på helsestasjonen, i barnehagen, på skulen eller på heimebesøk.Kven kan få tilbodet?Barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med bevegelse og motorikk kan få hjelp. Les meir Vi møter ofte barn med lettare motoriske vanskar, som til dømes utfordringar i høve til grov- eller finmotorisk utvikling. Andre grupper er barn med meir alvorlege utviklingsforstyrringar og barn utsett for akutt skade eller sjukdom. Det kan òg vere barn med kroniske lidingar, som nevrologiske, revmatiske og ortopediske sjukdomar, psykiske vanskar eller hjarte- og lungeproblematikk.Nokre av barna vi møter har samansette vanskar med behov for tverrfagleg oppfølging. Der det er aktuelt, samarbeider vi med andre faggrupper som for eksempel ergoterapeut, helsesjukepleiar, PPT, personalet i barnehagen/skulen og med spesialisthelsetenesta. Kva kan du få hjelp til? Les meir Kartlegging av funksjon og ressursarVurdering, tilpassing og tilrettelegging av trening, aktivitet og leik.Behandling og opptrening. Rådgiving og rettleiing av føresette og samarbeidspartnarar.Formidling av tekniske hjelpemiddel. Slik søkjer duFøresette til barn og unge kan søkje om tenesta. For at vi skal vite kva barnet treng hjelp til, må du fylle ut søknadsskjema. Du kan også kontakte helsestasjonen, fastlegen, barnehagen/skulen eller andre i kommunen for å få hjelp til å fylle ut og sende søknad for barnet. Søk elektronisk om fysioterapi for barn og unge Her finn du papirskjema Papirskjema: Her finn du søknadsskjema på papir Fyll ut, skriv ut skjemaet og send til ei av desse adressene, avhengig av kvar i kommunen du bur: Bjørnafjorden kommuneErgo-/fysioterapitenesta for barnSolstrandvegen 395200 OsBjørnafjorden kommuneErgo-/fysioterapitenesta for barnLeitet 285640 Eikelandsosen Barn og unge kan også få opptrening/behandling hos private fysioterapeutar. For at du skal få dekt alle eller delar av utgiftene, må fysioterapeuten ha avtale om driftstilskot med kommunen. Sjå oversikt over private fysioterapeutar som har avtale med kommunen.Kva kostar tenesta?Tenesta hos kommunefysioterapeut er gratis. Behandling hos private fysioterapeutar med kommunal driftsavtale er gratis for barn under 16 år og personar med frikort. Les meir om eigendelar hos fysioterapeut på helsenorge.noKva skjer vidare?Vi tar kontakt med deg på telefon eller per post.Her finn du informasjon om fysioterapi for vaksne og eldre Sist endra 15.05.2024 13:22