Fysioterapi for vaksne og eldreI den kommunale fysioterapitenesta i Bjørnafjorden er det både fysioterapeutar som er tilsette i kommunen og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.Kven kan få tilbodet?Vaksne over 18 år og eldre med tap av/nedsett funksjonsevne etter skade eller sjukdom kan få undersøking, vurdering og behandling av fysioterapeutar i kommunen. Døme på kva fysioterapeuten kan hjelpe deg med Råd og rettleiing for å betre eller bevare funksjon og førebygge sjukdom og skadeTrening/rehabilitering med sikte på at du skal auke funksjon og klare viktige daglege funksjonarRåd og rettleiing til pårørande og andre samarbeidspartnararFørebyggande og behandlande tiltak i institusjon eller heimFormidle hjelpemiddelDersom du har samansette vanskar med behov for tverrfagleg oppfølging, samarbeider vi med andre faggrupper som ergoterapeut, lege, sjukepleiar eller andre. Bur du heime og kan komme deg til fysioterapeuten sjølv? Les meir Då kan du ta kontakt med ein privat fysioterapeut som har driftsavtale med kommunen: Sjå oversikt og kontaktinformasjon til fysioterapeutar med driftsavtale i Bjørnafjorden kommuneFysioterapeutane med driftsavtale driv eigne institutt og kan eventuelt rekvirere drosje. Sjå oversikt over kva type reise du kan få dekt på helsenorge.no Bur du på institusjon eller treng oppfølging i heimen? Les meir Då kan du søkje om behandling hos dei kommunale fysioterapeutane.Vi undersøkjer, behandlar og rehabiliterer, gir bistand ved behov for hjelpemiddel og tilbyr ulike førebyggande tiltak som gruppetrening og førebygging av fall. Vi kan treffe deg i lokala våre på Luranetunet bu- og behandlingssenter, Fusa bu- og behandlingssenter, på annan institusjon eller i heimen din. Slik søkjer duDu eller pårørande kan sjølve søkje om tenesta. For at vi skal vite kva som er utfordringa di og kva du treng vurdering av, må du fylle ut søknadsskjemaet. Kontakt oss gjerne på telefon dersom du har spørsmål.Fastlege, heimetenesta eller andre kommunale helsetenester kan òg hjelpe deg med å søkje fysioterapiteneste.Elektronisk søknadsskjema: Søk om fysioterapi for vaksne og eldre Her finn du papirskjema Papirskjema: Her finn du søknadsskjema på papir (DOCX, 94 kB) Fyll inn, skriv ut skjemaet og send til ei av følgande adresser, avhengig av kvar i kommunen du bur: OsBjørnafjorden kommuneErgo-/fysioterapitenestaSolstrandvegen 395200 OsEikelandsosenBjørnafjorden kommuneErgo-/fysioterapitenestaLeitet 285640 Eikelandsosen Kva skjer når du har sendt søknaden?Fysioterapitenesta prioriterer det som hastar mest. Etter tilvising vil vi ta kontakt med deg på telefon og gjere ei undersøking/kartlegging for å få eit utgangspunkt for vidare behandling/tiltak. Kva kostar tenesta?Tenesta hos kommunefysioterapeut er gratis. Behandling hos private fysioterapeutar med kommunal driftsavtale har eigne prisar. Les meir om eigendelar og frikort hos fysioterapeut på helsenorge.noMeir informasjon om fysio- og ergoterapi i Bjørnafjorden kommuneFysioterapi for barn og ungeErgoterapitenesta Kvardagsrehabilitering Sist endra 15.05.2024 13:22