Kven er logopedtenesta?Logopedtenesta er ein del av Pedagogisk Psykologisk teneste i Bjørnafjorden kommune, og den viktigaste satsinga på PPT sitt arbeid knytt til førebygging og tidleg innsats. Logopedtenesta er eit lågterskeltilbod. Det betyr at vi driv med rettleiing og at barn kan få direkte hjelp frå logopedtenesta utan at dei først må ha vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Logopedtenesta arbeider både direkte og indirekte med barn i barnehage og grunnskule. Det indirekte arbeidet kan for eksempel vere rettleiing og modellering av språkgrupper og andre språkaktivitetar i barnet sitt miljø.Logopedtenesta kan i periodar arbeide direkte med barn som harvanskar med uttale og språklydar, det kan for eksempel vere at barnet byter ut ulike lydar eller kuttar ut stavingar/lydar i ord. vanskar med taleflyt, som stamming og løpsk tale. stemmevanskar (bør sjekkast hos øyre-nase-hals-lege først). Dersom vanskane skildra over er ein del av eit større vanskebilete, som andre språkvanskar eller medisinske diagnosar, vil logopedtenesta ha ei rettleiande rolle. Etter samtykke frå føresette kan skule/barnehage drøfte saka med kontaktperson i PPT. Kontaktpersonen tar saka vidare til logopedtenesta ved behov. Når logopedtenesta arbeider direkte kan barn få tilbod om treningsøkter kvar veke, i ein periode på inntil 10 veker. Den direkte hjelpa består av periodar med trening og pausar. Treninga skjer vanlegvis i barnehagen eller på skulen, men barnet kan også kome saman med føresette til logopeden sitt kontor.Slik kjem du i kontakt med logopedFor skulane: Dersom eleven det gjeld mottar individuelt tilrettelagd opplæring bør saka bli drøfta med kontaktperson i PPT før du viser foreldre til søknadsskjema. Sjå informasjon over om kva saker logopedane vanlegvis kan arbeide i. For barnehagane: Etter samtykke frå føresette kan barnehagen drøfte saka med kontaktperson i PPT på barnehagen sin besøksdag. Kontaktpersonen tar saka vidare til logopedtenesta. Det er føresette sjølv som sender inn kontaktskjema for ønske om logoped. Du må gjerne vise dei til denne sida. Der finn dei både kontaktskjema og informasjon om logopedhjelp. Dersom vanskane gjeld språklydar og uttale, er det viktig at høyrsla er undersøkt (i løpet av det siste året) før innsending av kontaktskjemaHar du andre spørsmål til logopedtenesta, eller vil du at vi skal ta kontakt med deg? Send oss ein e-post til logopedtenesta@bjornafjorden.kommune.no NB! Ikkje skriv sensitiv informasjon som helseopplysningar eller hjelpebehov på e-post. Sist endra 29.11.2024 10:16