I 2024 fekk Noreg ei ny opplæringslov. I den nye lova står det at alle kommunar skal ha ei forskrift om hovudmål i grunnskulen. No er forslag til forskrift for Bjørnafjorden klar, og alle kan få seie kva dei meiner før forskrifta skal opp til behandling i kommunestyret. Fristen for å sende uttale er 12.09.2025.
Her kan du lese forslag til forskrift om hovudmål for den offentlege grunnnskulen i Bjørnafjorden. (PDF, 39 kB)
Nynorsk er hovudmål
Forskrifta slår fast at nynorsk er hovudmål i grunnskulen i Bjørnafjorden kommune. Kommunestyret har tidlegare vedtatt at nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Skulen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i skriftleg kommunikasjon med elevane og foreldra.
I opplæringslova står det at kommunen kan fastsette ulike skriftspråk som hovudmål ved skulane, men kvar enkelt skule kan berre ha eitt hovudmål som er felles for alle trinn.
Felles hovudmål for heile skulen på 1.-7. trinn
I det skriftlege arbeidet sitt må elevar på 1. til 7. trinn bruke det hovudmålet som kommunen har vedtatt for skulen. I Bjørnafjorden er det nynorsk.
Eleven sine føresette vel om læremidla skal vere på nynorsk eller bokmål. På Utdanningsdirektoratet sine sider kan du lese meir om opplæringsspråk og talemål i skulen.
På ungdomsskulen kan elevane velje
Elevar på 8. til 10. trinn kan sjølv velje om dei vil bruke nynorsk eller bokmål som hovudmål i det skriftlege arbeidet sitt, og om læremidla skal vere på nynorsk eller bokmål. Dette kan du lese meir om i opplæringslova §3-1. Det skriftspråket som ikkje er hovudmålet, er sidemålet.
Uansett kva elevane vel, skal skulen bruke nynorsk i skriftleg materiale, og lærarane skriv nynorsk på tavla. Kommunikasjon frå skulen til heimen er òg på vedtatt hovudmål, som hos oss er nynorsk.
Har du innspel til forskrifta?
Fristen for å sende inn høyringsuttale er 12. september 2025.