Høyring: Forslag til lokal forskrift om utvida bandtvang for hund

Bjørnafjorden kommune har laga forslag til lokal forskrift om utvida bandtvang for hund. Forslaget blir med dette lagt ut på høyring.

Kva er formålet med forskrifta?

Å gi utfyllande reglar til hundelova for å fremje eit positivt og forsvarleg hundehald som i størst mogleg grad sikrar både allmenne interesser knytt til tryggleik og alminneleg ro og orden, og interessene til hundeeigarar.

Det sentrale innhaldet i forskrifta er:

  • Utvida bandtvang frå 20. august til og med 31. oktober, av omsyn til dyr på beite.
  • Forbod mot opphald for hund ved skular og barnehagar utan løyve frå ansvarleg person.
  • Bandtvang heile året i tilknyting til bustadområde og handelsområde.
  • Bandtvang heile året på nærmare konkretiserte turvegar og friområde (kart ligg i saksdokumenta i lenka under)

Sjå alle dokument i saka:

I samsvar med forvaltningslova § 37, 2. ledd, blir forslaget lagt ut på høyring.
Forslaget er også sendt direkte til aktuelle lag og organisasjonar.

Send innspel

Høyringsfrist 19. desember 2024