Endringar det er særleg viktig å få med seg:
Tilpassing til nytt lovverk
Forskrifta blir oppdatert i tråd med ny vass- og avløpsanleggslov som trådde i kraft 1.januar 2026. Endringane er i hovudsak av formell karakter.
Endra grunnlag for tilknytingsgebyr
Parkeringsareal (t.d. garasjeanlegg og parkeringskjellarar) skal ikkje inngå i berekningsgrunnlaget for tilknytingsgebyr. Gebyret skal framleis baserast på bruksareal (BRA).
Presisering av forfallstidspunkt
Det blir presisert at tilknytingsgebyret skal vere betalt før faktisk tilkopling til det offentlege nettet.
Nye krav til vassmålar
Vassmålarar skal installerast frostfritt. Abonnenten får ansvar for tilsyn, vedlikehald og sikring mot skade. Abonnenten kan òg bli økonomisk ansvarleg ved feil eller skade som skuldast mangelfull oppfølging eller installasjon.
Endra berekningsgrunnlag for abonnementsgebyr (ikkje forbruksgebyr!)
Grunnlaget for talet abonnementsgebyr går frå tal bueiningar til registrert byggtype i matrikkelen. Einebustadar (med eller utan utleigedel) skal reknast som eitt abonnement, med mindre bustaden er seksjonert. Seksjonerte bygg blir fakturerte for same tal abonnementsgebyr som det er seksjonar.
Endringa skal gje meir likebehandling, redusere behovet for skjønn og gjere ordninga enklare for både innbyggjarane og kommunen.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringa påverkar i avgrensa grad kommunen sine samla inntekter, men skal gi eit meir korrekt gebyrgrunnlag i tråd med sjølvkostprinsippet. Nokre abonnentar kan få endra gebyrgrunnlag.
Administrativ er det venta enklare og meir effektiv sakshandsaming, og færre klagesaker.