Høyring: Framlegg til reviderte gravplassvedtekter i Bjørnafjorden
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd er lokal gravplassmyndigheit i Bjørnafjorden kommune.
Lokale gravplassvedtekter omfattar reglement og retningsliner for gravplassane i kommunen, og er viktig for å gi innbyggarane oversikt over gravleggingstilbodet.
Fellesrådet er no i gang med revisjonsarbeid av desse vedtektene, og framlegget er no lagt ut på høyring.
Høyringsperioden er sett til 4. august–15.september 2025.
Les framlegget og gi høyringssvar her
Sist endra 21.08.2025 14:46