Før Kartverket gjer endeleg vedtak i sakene ønsker dei å få høyringsuttale frå kommunane. Etter Lov om stadnamn skal kommunen kunngjera sakene lokalt slik at innbyggjarane kan koma med innspel.
Haljem/Halgjem/Halhjem
I offentlege kart er det tre ulike variantar av Haljem/Halgjem/Halhjem for namnet til gard nr 44 i Bjørnafjorden kommune. På kartet er det nytta ulike namneformer i samansette namn som Halgjemsosen, Haljemsøya og Halhjem ferjekai. Dette ønsker Kartverket å ordna opp i slik at det blir ei gjeldande namneform og skrivemåte for gardsnamnet.
Sætråsen/Sæteråsen/ Setråsen
På Nordtveit skal det setjast namn på eit naturreservat. Det er reist sak om namnet Sætråsen som også kan skrivast Sæteråsen/ Setråsen. Stadnamnstenesta i Språkrådet meiner at alle namn i Hordaland med namnelekken seter/sæter bør skrivast med -e slik at det aktuelle namnet bør skrivast Setråsen.
Kartverket tar dette opp som eit prinsipielt spørsmål om rett skrivemåte også for dei andre namna med skrivemåten sæter/sætr- i dagens kart for Bjørnafjorden. Dermed er det mange andre namn som kan bli endra som følgje av denne saka.
Hope
I tillegg har kartverket teke med tre namn i utmarka på garden Hope i Holmefjordskrinsen. Namna som treng nærare avklaring er:
- Nybben (haug)
- Eikeskorena/ Eikeskorene (li)
- Nordeikeskorena/ Nordeikeskorene (li)
Håvikvatnet/ Håvikavatnet/Håvikvatn/ Håvikevatnet
På grensa mellom Bjørnafjorden og Kvinnherad heilt i sør, er det eit vatn med mange namn. Det er registrert fire ulike variantar: Håvikvatnet/ Håvikavantnet/Håvikvatn/ Håvikevatnet.
Her ønsker Kartverket at vi landar på ein variant som offisiell skriveform, men kva for ei?
Les meir
Du finn meir informasjon om dei aktuelle sakene i breva til kommunen frå Kartverket:
Brev frå Kartverket – Oppstart av namnesak 2018/49 – Haljem/Halgjem/Halhjem (PDF, 400 kB)
Brev frå Kartverket – Oppstart av namnesak 2019/42 – Sætråsen/ Sæteråsen/ Setråsen (PDF, 413 kB)
Brev frå Kartverket – Oppstart av namnesak 2019/40 – Håvik(e)(vatnet (PDF, 325 kB)
Høyringsfristen er 1. april
Har du spørsmål om namnesakene?
Kontakt saksbehandlar Erik Vangsnes tel 47277146, e-post erva@bjornafjorden.kommune.no