Forskrifta § 2 - Tilgang til å søkje om permisjon
Den nye føresegna om permisjon i oppl. § 2-2 fjerde ledd, må sest i samanheng med retten barnet har til offentleg grunnskuleopplæring etter oppl. § 2-1 første ledd, og plikta barnet har til grunnskuleopplæring etter oppl. § 2-2 første ledd.
Permisjon er ikkje ein rett for den enkelte eleven, men noko som kan innvilgast dersom ein vurderer at eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg, sjølv om søknaden blir innvilga.
Om det er forsvarleg for opplæringa til eleven å innvilge permisjonen, må vurderast etter eit konkret og fagleg-pedagogisk skjønn. Kommunedirektøren har i forslaget konkretisert kva moment som kan vektleggjast i vurderinga.
Etter den nye opplæringslova §§ 10-1 og 10-2, blir det presisert at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle avgjerder som gjeld barnet, og at barnet har rett til å ytre meiningane sine fritt. I forarbeida i lova (Prop.57 L (2022-2023)), kjem det fram at desse rettane også må takast omsyn til i vurderinga av om permisjon skal innvilgast eller ikkje. Kva som er til det beste for eleven og kva eleven sjølv meiner, er difor tatt inn som moment i vurderinga. Kommunedirektøren påpeikar at momenta som er nemnde ikkje er ei uttømmande liste, og at fleire moment kan vere relevante i kvar enkelt sak.
Konsekvensen av å innvilge permisjon, er at eleven fråskriv seg retten til offentleg grunnskuleopplæring for ein periode tilsvarande lengda av fråværet. Skuleåret består i dag av 190 dagar.
Omfattande bruk av permisjonar vil gå ut over retten barnet har til opplæring. Kommunedirektøren meiner derfor at det bør setjast eit tak for talet på kor mange dagar permisjon ein skal kunne gi per år. Kommunedirektøren foreslår at dagens grense på 10 dagar blir vidareført, men at desse dagane gjeld totalt per år. Dette inneber at ein kan søkje om permisjon fleire gonger per år, men at ein maksimalt kan ha 10 dagar permisjon per skuleår.
Vidare foreslår kommunedirektøren at det som hovudregel ikkje blir innvilga permisjon i periodar der det blir gjennomført statlege kartleggingsprøver, nasjonale prøver, avgjerande vurderingssituasjonar på ungdomsskulen, prøveeksamen og eksamen.
Forslaget inneber ei innstramming av eksisterande praksis. Kva undervisningsopplegg skulen har i permisjonstida er allereie tatt med i vurderinga av om det er forsvarleg å gi permisjon. Likevel meiner kommunedirektøren at det er viktig å sikre likebehandling mellom skulane, og for å synleggjere kor viktig det er at elevane er på skulen i visse periodar i løpet av skuleåret. Kommunedirektøren noterer at ordlyden «hovudregel» peikar på at det vil vere ei skjønnsmessig moglegheit for skulane å innvilge permisjon i den foreslåtte perioden, men at terskelen for dette bør vere ekstra høg.