Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring av reguleringsplan for detaljreguleringsplan Lekven, Plan-ID: 4624_19910300 etter forenkla prosess. Saka gjeld endring av
reguleringsplan der endringa gjeld flytting av fortau langs Ferstadvegen. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd.
Forslagsstillar: Prosjekteininga i Bjørnafjorden kommune.
Vedtak:
Endring av reguleringsplan for Lekven etter forenkla prosess er vedteken i samsvar med
reguleringsføresegner sist revidert 16.06.2026 og revidert plankart datert 16.06.2026.
Endringa har plan-ID 4624_19910300.
Du finn alle dokumenta i saka her
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er 04.09.2026.
I klagen skal det gå fram kva det blir klaga på, og kva endringar ein ønsker.
Klagen skal merkast med saksnummer (26/6095) og sendast til post@bjornafjorden.kommune.no