Opning for arealinnspel – fritids- og turistformål
I samband med revisjon av kommuneplanens arealdel inviterer kommunen til innspel om areal til fritids- og turistformål. Formannskapet har fjerna kravet om at innspela om fritids- og turistformål må vere nært eksisterande infrastruktur som overordna vegnett og kollektivaksar, vatn- og avlaup.
Med fritids- og turistformål meiner kommunen areal sett av til reiselivsverksemd, retta mot besøkande og basert på profesjonell drift. Formålet omfattar mellom anna:
- Utleigehytter og gjestehus
- Campingplass
- Leirplass
- Opplevings- og aktivitetsbasert reiseliv
Område regulert til fritids- og turisformål må brukast til næringsmessig korttids-utleige av kvar enkelt bueining i minimum 9 månader i året og det er faktisk bruk og ikkje eigarform som er avgjerande.
Avgrensing. Kva type innspel blir ikkje vurderte?
Formålet omfattar ikkje private fritidsbustader for utleige, heilårsbustader eller tiltak der hovudformålet er privat bruk.
Formålet opnar ikkje for bruksendring av enkeltbygg i bebygd område. Det vil seie at ein ikkje opnar for innspel som gjeld bruksendring av enkeltbygg innafor bebygd område, enten det gjeld fritidsbustad eller naust med innreia loftsetasje.
Krav til konsept og heilårleg kommersiell drift
Arealinnspela skal skildre eit tydeleg reiselivskonsept, og det skal gjerast greie for korleis tiltaket legg til rette for kommersiell aktivitet i minimum 9 månader per år, inkludert målgruppe og grunnlag for verdiskaping utanfor høgsesong.
Krav til innhald i arealinnspel
I innspelet må du ha med
- kart med tydeleg avgrensing av området
- skildring av reiselivskonsept
- grunngjeving for kvifor området er eigna til fritids- og turistformål