Opning for arealinnspel – fritids- og turistformål og råstoffutvinning
I samband med revisjon av kommuneplanens arealdel inviterer kommunen til innspel om areal som kan vere eigna for fritids- og turistformål og for råstoffutvinning. Det er eit krav at innspela er eigna område nært eksisterande infrastruktur som overordna vegnett og kollektivaksar, vatn- og avlaup.
Fritids- og turistformål
Med fritids- og turistformål, meiner kommunen areal sett av til reiselivsverksemd, retta mot besøkande og basert på profesjonell drift. Formålet omfattar mellom anna:
- Utleigehytter og gjestehus
- Campingplass
- Leirplass
- Opplevings- og aktivitetsbasert reiseliv
Område regulert til fritids- og turisformål må brukast til næringsmessig korttids-utleige av kvar enkelt bueining i minimum 9 månader i året og det er faktisk bruk og ikkje eigarform som er avgjerande.
Avgrensing. Kva type innspel blir ikkje vurderte?
Formålet omfattar ikkje private fritidsbustader for utleige, heilårsbustader eller tiltak der hovudformålet er privat bruk.
Formålet opnar ikkje for bruksendring av enkeltbygg i bebygd område. Det vil seie at ein ikkje opnar for innspel som gjeld bruksendring av enkeltbygg innafor bebygd område, enten det gjeld fritidsbustad eller naust med innreia loftsetasje.
Krav til konsept og heilårleg kommersiell drift
Arealinnspela skal skildre eit tydeleg reiselivskonsept, og det skal gjerast greie for korleis tiltaket legg til rette for kommersiell aktivitet i minimum 9 månader per år, inkludert målgruppe og grunnlag for verdiskaping utanfor høgsesong.
Krav til innhald i arealinnspel
I innspelet må du ha med
- kart med tydeleg avgrensing av området
- skildring av reiselivskonsept
- grunngjeving for kvifor området er eigna til fritids- og turistformål
Råstoffutvinning
Med råstoffutvinning meiner kommunen næringsmessig og planlagt uttak av mineralske ressursar, som stein, pukk, grus, sand og tilsvarande massar. Verksemda skal vere del av organisert næringsdrift, retta mot vidare foredling, sal eller bruk i byggje‑ og anleggsverksemd.
Formålet omfattar ikkje privat eller sporadisk masseuttak til eige bruk, mellombelse anlegg utan næringsmessig karakter, eller tiltak utan dokumentert ressursgrunnlag.
Arealinnspela skal dokumentere at råstoffutvinninga
- er næringsretta og kommersielt fundert
- har eit langsiktig drifts- og ressursgrunnlag
- inneber aktiv uttaksverksemd over ein periode på fleire år, med føreseieleg omfang
Krav til innhald i arealinnspel
- kart med tydeleg avgrensing av uttaksområdet
- skildring av type råstoff og ressursgrunnlag
- omtale av planlagt drift, varigheit og omfang