
Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve reguleringsplan for Stegen 52/219 m.fl. i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 - 2. ledd, og forvaltningslova § 28.
Følgande endringar er vedtatt:
Auke i tal bueiningar frå 5 til 6 einingar i felt BB2 for Stegen, 52/219 m.fl.
Det er gjort endringar i føresegn § 3.2.1
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
For meir informasjon om vedtaket klikk her
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er den 28. januar 2026. Klagen skal innehalde konkret bakgrunn for klagen og skildring av kva ein ynskjer. Klagen skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no