Bjørnafjorden kommune har gjort vedtak om å senda endring av områdereguleringsplan for Lyseparken på offentleg ettersyn. Frist for å koma med innspel i saka er 17. mars 2025.

Reguleringsendringa inneber forslag til endring av både plankart, føresegner og planomtale.
Innspel eller spørsmål skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no og merkast med saksnummer 23/8069.
Alle dokument i saka finn ein her: Sak 23 /8069
Plankartet kan ein også sjå i vår kartteneste: Kommunekart