Offentleg ettersyn av søknad om auka arealbruk ved akvakulturanlegg Aldalen

AS Bolaks søkjer om endring av eksisterande lokalitet 12067 Aldalen i Bjørnafjorden kommune.

Dei søkjer om å byta ut eksisterande anlegg med 8 bur på 50 x 50 meter til eit nytt anlegg med 10 bur på 100 x 100 meter. Anlegget blir utvida og det blir lagt ut nye forankringsliner. Tillatt biomasse blir ikkje endra.

Plassering av anlegget er i samsvar med kommunen sin nyleg godkjente detaljregulering for akvakulturområde ved Aldalen.

 Sjå sak 23/9242 for meir informasjon i saka.

Sjå også sak  22/1906 for meir informasjon om detaljreguleringsplanen og sæleg protokoll frå meklingsmøte med Statsforvalter.

Eventuelle merknader kan sendast til kommunen: post@bjornafjorden.kommune.no

Frist for å sende inn merknader er 15. februar 2025.