Oppstart forenkla endring Sperrevik gnr. 14bnr 2. og gnr 15 bnr 1,2 og 8 m.fl. B

Med heimel i plan- og bygningsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Sperrevik AS har sett i gong arbeid med å endre nemnde detaljreguleringsplan etter forenkla prosess.


Sistnemnde er mogeleg ettersom søknaden i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen for øvrig, og at endringa ikkje går utover hovudrammene til den gjeldande planen. Samt at endringa ikkje råker ved omsynet til viktige natur og/eller friluftsområde. Sjå kapittel 4 i vedlagt dokument Søknad om mindre endring av detaljreguleringsplan 01.06.2026 for meir informasjon om dette. Bakgrunnen til søknaden er at tiltakshavar, Sperrevik AS, har starta og er godt på veg med utbygginga i tråd med gjeldande reguleringsplan, og har med dette allereie innfridd dei fleste rekkjefølgekrava til reguleringsplanen. No ønsker ein å tilpasse sant oppdatere plangrunnlaget for å få ein meir smidig utbygging vidare. Endringane er synt i vedlegg Søknad om mindre endring av detaljreguleringsplan 01.06.2026 og då særskildt under kapittel 2, men hovudendringane er som følger:


• Gje større fleksibilitet i utbyggingstakten:
Det originale rekkefølgeføresegn 1.8.4 seier at bustadfelta B1 – B16 og B30 – B31 kan byggast ut før Veg A2 vert etablert, og ein søker no om å endre formuleringa slik at rekkefølgekravet knytt seg til antal bueiningar i staden for bustadfelt. Dette gjer ein større fleksibilitet i utbygginga, men sikrar samstundes at ein ikkje endrar den maksimale trafikkbelastninga som original plan opnar for på Veg A1.

Det er bakgrunnen til at ein i forslag til revidert føresegn 1.8.4 skriv at det kan totalt kan byggast 108 bueiningar før Veg A2 må etablerast, korav 108 er det maksimale antall bueningar som kunne vert bygd ut i bustadfelt B1 – B16 og B30 – B31.


• Tilpassa bustadtilbodet til dagens bustadmarked og etterspurnad:
Ein legg opp til små justeringar i plandokumenta for å opne for tomannsbustader på tomter som tidlegare var avsatt til einebustad med sekundærbueining.


• Oppdatere reguleringsplanen i tråd med godkjent teknisk plan for feltet.
I arbeidet med teknisk plan vart det avklart kva vegar som skulle verta kommunale, og ein endrar derfor føresegna i tråd med dette.


• Justere planen slik at sakshandsaming av byggesøknader i reguleringsplanen vert enklare Ein fjerner mellom anna krav til førehandskonferanse for kvar byggesak, og skriv at plassering av hus på plankartet er retningsgjevande. Det er berre lagt opp til ein endring i føresegna til planen, og plankartet er ikkje tenkt endra.


Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no Ved spørsmål, innspel, oversending av fullstendig søknad, eller for meir informasjon kan ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no


Frist for uttale er 6 veker grunna ferietid og satt til 12.08.2026.