Tre ulike politiske reglement er lagt ut på høyring

Formannskapet har vedtatt å legga desse tre politiske reglementa ut på høyring. Frist for å senda uttale er 4. mai 2026.

Her kan du lesa saksutgreiinga 

I saksutgreiinga til formannskapet kan du lesa kva som blir foreslått endra for perioden 2027-31 samanlikna med reglementa som gjeld i inneverande periode. Merk at to av reglementa som ligg ved saksutgreiinga til formannskapet er justerte før dei er lagt ut på høyring. Lenker til dei oppdaterte reglementa finn du øvst i denne kunngjeringa.  

Har du merknader?

Send uttale

Høyringsfrist er måndag 4. mai 2026. 
 

  • Brei involvering 

    I tråd med forvaltningslova er det berre Forskrift om godtgjersle og kostnadsdekking for folkevalde som formelt krev offentleg høyring. Ved sist revisjon av dei politiske reglementa i Bjørnafjorden kommune vart likevel også dei øvrige politiske reglementa sende på høyring før endeleg behandling. 

    Dette har vore gjort for å sikra openheit og brei forankring i arbeidet med politiske reglement, og for å legga til rette for at også dei partia som ikkje er representerte i ombodsutvalet eller i formannskapet får høve til å spela inn til reglementa før dei kjem til sluttbehandling og endeleg vedtak i kommunestyret. 

    Kommunedirektøren vurderer at brei forankring av reglementa er positivt både for samarbeidet og saksbehandlinga i dei politiske organa, i tillegg til at brei involvering kan gje fleire gode innspel til reglementa. Kommunedirektøren foreslår difor at alle reglementa vert sende ut på høyring også denne gong. Etter høyringsrunden vil ombodsutvalet få reglementa til behandling igjen, før sluttbehandling i kommunestyret, i juni eller september 2026, avhengig av kor mange og store høyringsinnspel vi får inn.