Varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering Drange masseseponi 19/1 m.fl

Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal
AS har sett i gong arbeid med ein reguleringsplan for Sartor & Drange AS på nemnde eigedom.

 

Føremålet med planarbeidet er at tiltakshavar har eit behov for eit massedeponi i Bjørnafjorden kommune, og grunneigar har eit behov for å utbetre landbrukstilhøva på sin eigedom. Ein planlegg dermed eit massedeponi på om lag 600 000 m3 kor ein kan deponere naturlege jord- og steinmassar som ikkje er forureina over normverdiane i forureiningsforskrifta. Eit slik deponi bygger vidare på eksisterande godkjenning på gbnr. 19/1 på 50 000 m3 (sak er 22/965), og ein planlegg ei driftstid på 5 t il 10 år etter oppstart. Før endt deponidrift skal deponiområdet opparbeidast på ein slik måte at det vert fulldyrka jord, og at ressursgrunnlaget på garden derfor vert auka som ein konsekvens av tiltaket. 

Planområdet er om lag 57,9 daa stor og ligg vedlagt. I gjeldande kommuneplan er området som nemnd avsatt til LNF-føremål og planframlegget har som mål å være LNF-areal etter endt massedeponi, slik at det vert i tråd med avsatt føremål etter endt drift. Sjå vedlagt planinitiativ for meir informasjon.

Oppstartsmøte vart heldt den 06.02.26 og oppstartsløyve vart gjeve i same møte, referat ligg vedlagt. 

Konsekvensutgreiing (KU): 

Planframlegget er KU-pliktig etter forskrift om konsekvensvurdering etter § 8 i forskrifta om konsekvensutgreiingar ettersom punkt 11 k i vedlegg II handlar om denne type massedeponi, og t iltaket kan få vesentleg verknad for miljø eller samfunn ettersom det er ei større omdisponering av LNF-areal. Dette medfører at planen skal konsekvensutredes, men ikkje ha melding eller planprogram. Bjørnafjorden kommune er ansvarleg planmynde og konsekvensutredninger skal gjennomførast etter Miljødirektoratet sin handbok M-1941. 

Merknad: 

Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 04.05.2026.

Ved spørsmål eller innspel kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller til Petter@byggadmin.no

Dokumenta i saka finn du her.