Varsel om oppstart: Detaljregulering for Auredalen, Halhjem 44/139 m.fl.

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Auredalen, Halhjem gnr. 44, bnr. 139 mfl. i Bjørnafjorden kommune 

Forslagsstillar er Roar Misje. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet. 

Planområdet ligg i Auredalen med tilkomst frå Bjørnavegen via vegen Auredalen, og er på ca. 8,9 daa. Området er i kommuneplanen for Bjørnafjorden vest avsett til bustader og grøntstruktur. Ein skal forhalda seg til føringane som ligg i ny kommuneplan for Bjørnafjorden vest. Planen medfører ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Føremålet med detaljreguleringa er etablering av totalt 3 einebustader med tilhøyrande infrastruktur. Ein ønskjer å regulere inn ein byggjegrense mot sjø for å vidareføre sikring av strandsona. Det er eit ønskje og ein ambisjon at planforslaget skal unngå mest mogleg terrenginngrep og at ein legg tenkt bustader som ein del av terrenget. Etter dialog med kommunen ble plangrensa utvida for å ta med og vidareføre området som ligg som LNF i KPA, for å unngå at det ligg ein uregulert tomt i planen. Avkøyrsel inn til planområdet er smal og det må ses på om det eventuelt må gjerast utbetringar.

Det blir inviterert til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til: Ard arealplan as, c/o Damsgårdveien 135, 5160 Laksevåg 

eller e-post: post@ardarealplan.no 

Frist for merknader er sett til 19.februar 2024. 

Meir informasjon: www.ardarealplan.no eller tlf. 55 31 95 00 

Dokumenta i saka finn du her.