Varsel om oppstart FV 552 Hauge - Osøyro

Merknadsfrist: 09.01.2026

Kommunens saksnummer: 25/22528

Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Bjørnafjorden kommune utarbeide ein detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg på Fv. 552 Hauge – Osøyro. I samsvar med plan- og bygningsloven §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Fv.552 Hauge - Osøyro i Bjørnafjorden kommune, og vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Føremålet med reguleringsplanarbeidet er å leggje til rette for gang- og sykkelveg på Fv. 552 Hatvikvegen – Finnebrekka – Oselva bru. I kommuneplanens arealdel er området avsett til noverande og framtidig sentrumsføremål, samt noko næring og bustad. Areala er regulert til samferdsel, for det meste hovudveg og gang- og sykkelveg.

Vi ber om synspunkt, innspel eller anna relevant informasjon innan 9. januar 2026.

Vi ber om synspunkt, innspel eller anna relevant innformasjon innan 9. januar 2026. Merknader og synspunkt til oppstart av planarbeidet kan sendast via eDialog; eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune eller med e-post til post@vlfk.no eller med vanleg brev til:


Vestland fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger


Alle innsendingar må markerast med saksnummer; 2025/46795 eller med «Fv. 552 Hauge–Osøyro».

Dokument i saka finn du her: