Vedtak av endring etter forenkla prosess, detaljregulering Haganeset del av 118/4

I samsvar med plan- og bygningslovens § 12-12 kunngjer Bjørnafjorden kommune at endring av detaljreguleringsplan for Haganeset del av 118/4 er vedteken. Planområdet ligg ved Hafskor i Eikelandsosen.

Endringen gjeld følgjande:

·         Tilpassing av føremålsgrenser slik at dei samsvarer i større grad med eigedomsgrensene.

·         Nye avkøyrselspiler i plankart i tråd med eksisterande avkøyrsler slik dei er etablert.

·         Flytting av vegbane slik at den samsvarar med vegen som vart etablert i samband med utbygginga. Endringa av veg rettar og opp i avvik mellom detaljregulering for Haganeset 118/4 og detaljregulering for Haganeset naustområde.

Vedtaket er gjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.

Klage

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 10.04.2020. Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no