
Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve reguleringsplan for Nordstrøno 27/52 m.fl. i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 - 2. ledd, og forvaltningslova § 28.
Følgande endringar er vedtatt:
Auke i tal bueiningar frå 4 til 7 einingar i delfelt FS1 for Nordstrøno, 27/52 m.fl.
Følgjeendringar er justeringar knytt til utnyttingsgrad, tomtestorleik og avkøyringspunkt for alle tomtane, samt reduksjon i avstand til vegmidte for tomt 4.
Det er gjort endringar i plankart og føresegner. Kotehøgder for dei sju einingane er vist i nytt plankart.
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
For meir informasjon om vedtaket klikk her.
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er den 11. juni 2024. Klagen skal innehalde konkret bakgrunn for klagen og skildring av kva ein ynskjer. Klagen skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no