Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve reguleringsplan for Revsåsen sør i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 - 2. ledd, og forvaltningslova § 28.
Følgande endringar er vedtatt:
Auke i talet bueiningar frå 24 til 25 bueiningar, auke i utnyttingsgrad, flytting av fortau, renovasjonspunkt og parkering langs veg, ny avkøyrsle til planområdet, endring i arealføremål og rekkefølgje, nedjustering av parkeringsskala, endring frå turveg til fortau.
Det er gjort endringar i plankart og føresegner.
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
For meir informasjon om vedtaket klikk her.
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er den 11. november 2024. Klagen skal innehalde konkret bakgrunn for klagen og skildring av kva ein ynskjer. Klagen skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no