Vedtak etter forenkla prosess av detaljregulering av Hjellemyrane

Plannamn: Hjellemyrane

Arkivsak: 26/3268

Frist for å klage: 24.08.2026

Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve detaljregulering av Hjellemyrane i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd, og forvaltningslova § 28.

 

Følgande er vedtatt:

Omregulering av buffersone S2 til barnehageformål (BH2) ved Borgafjell barnehage. Buffersona ligg innanfor barnehagen sin eigedom og er allereie teken i bruk som del av uteområdet. Bakgrunnen for endringa er at arealet ikkje lenger har den opphavlege funksjonen som skjerming mot landbruksområde, då tilgrensande areal er utbygd som skuleområde for Borgafjellet barneskule. 

 

Du finn alle dokumenta i saka her

 

Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er 24.08.2026. 

 

I klagen skal det gå fram kva det blir klaga på, og kva endringar ein ønsker. 

Klagen skal merkast med saksnummer (26/3268) og sendast til post@bjornafjorden.kommune.no