
Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve reguleringsplan for Gullberget i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 - 2. ledd, og forvaltningslova § 28.
Følgande endringar er vedtatt:
Forskyving av byggegrensa til tomt BF-4 (gbnr. 27/537) i retning eigedom gbnr. 27/533, og justering av føremålsgrensa i BF-1 slik at den går fram til nabogrense mot gbnr. 27/53, som gjer at noko areal er endra frå naturareal til bustadareal.
Det er gjort endringar i plankartet.
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
For meir informasjon om vedtaket klikk her.
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er den 3. juni 2024. Klagen skal innehalde konkret bakgrunn for klagen og kva ein ynskjer. Klagen skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no