Vedtak
Bjørnafjorden kommune vedtar endring av detaljregulering Mobergsneset, Os Sjøfront slik det går fram av saka og vedlagte plandokument.
Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-14.
Om endringane
I samband med at kommunen skal lyse ut rett til etablering av 100 båtplassar er det behov for at det offentlegrettsleg blir avklart kor mange parkeringsplassar dette tiltaket vil ha. Endringa legg ikkje opp til endringar i andre dokumenter enn føresegna.
Teknisk forskrift har krav om tilstrekkeleg kapasitet til parkering for bueiningar, men ikkje for andre arealformål. Der er heller ingen andre statlege retningslinjer eller anna fagleg vurderingsgrunnlag av kor mykje parkering ulike prosjekt med ulike plasseringar bør ha. Praksis er derfor at krav til parkering blir fastsett etter skjønn frå sak til sak
Med bakgrunn i dette er det lagt inn følgjande setning i føresegn § 7: «For båtplassar skal det sikrast minimum 0,1 parkeringsplass for bil og 0,1 for sykkel per båtplass.»
Klage og meir informasjon
For meir informasjon om vedtaket klikk her.
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er 16.21.25. Klagen skal inneholde konkret bakgrunn for klagen og kva ein ynskjer endra. Klagen sendast til post@bjornafjorden.kommune.no.