Bjørnafjorden kommunestyre har i møte den 13.06.2024, med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, vedtatt detaljreguleringsplan for Fjellanger, Moberg, 51/2 m.fl.

Føremålet med planen er å etablere 28 utleigeeiningar for overnatting på Moberg, knytt opp til verksemda Fjellanger hundeskule driver i Åsen i Lysefjorden, som består av hundeskule, undervisning og kurs. I tillegg ynskjer eigar av nabotomt, 51/117, å etablere 3 einebustader.
Dokument i saka finn du her.
Eventuell klage sendast til post@bjornafjorden.kommune.no. Ver venleg og vis til saksnummeret 20/2600.
Frist for å klage på vedtaket 10.08.2024.