Informasjon om ny vassforsyning Søvik og Lysekloster

Ny vassforsyning frå Os vannbehandlingsanlegg
 Den 12.desember fasar vi ut Søvik vassverk. Søvik og Lyseklosterområdet får frå då av vatn frå Os vassbehandlingsanlegg. Dette anlegget brukar natriumsilikat for å justere pH og beskytte leidningsnettet mot korrosjon, som er ein trygg og vanleg metode i norsk vassforsyning.

Ved overgang til andre kjemiske forhold i vassbehandlinga kan det oppstå midlertidige endringar i vassnettet, som til dømes:

  • Misfarga vatn (gul/brun farge)
  • Partiklar i vatnet

Dette kjem av at belegg i leidningane kan løyse seg opp eller felle ut når pH og kjemi endrar seg. Vi har spylt dei kommunale leidningane så godt som mogleg, men private leidningar kan framleis ha restar som blir frigjort.

Kva gjer du om vatnet blir misfarga?

  • Tapp godt med kaldt vatn til det blir klart
  • Rens siler i kranar og dusjar

Vatnet er trygt å drikke sjølv om det er misfarga.