Omlegging til ny vassforsyning Søvik/Lysekloster del 2

I samband med omlegging til ny vassforsyning, vil det mellom anna bli utført utspylingar, og det kan forekomme bortfall av vatn/redusert vasstrykk i områda Sperrevik, Søvikneset, Skjelåsen, Bjoarvik, Balandsneset og øyane i området, frå torsdag den 11.desember kl 23:00 til fredag den 12.desember kl 06:00, eller til arbeidet er ferdig. 

Vi anbefaler å bruke så lite vatn som mogeleg medan arbeidet pågår, for å unngå å få misfarga vatn inn på private anlegg. Det kan også forekomme noko støy i samband med utføringa.