Vi har eit vassbrot i Auredalen, og har stengt av vatnet. Det pågår no søk for å lokalisere brotet, før utbetringa kan starte.
Oppdatert kl 11:30 : Brotet er lokalisert i vegen mellom hus nummer 41 og nummer 26. Grunna utbetring, vil det her bli stengt for gjennomkøyring frå ca kl 13:30 og fram til arbeidet er ferdig. Gåande kan passere.
Oppdatert kl 14:50: Arbeidet vil pågå utover kveld og natt, men grunna kulde kan vi ikkje sette ut vassvogn i nærområdet. Vi henviser til vasspost på Halhjem kai, ved pumpestasjonen for tilgang til vatn.
Oppdatert 12. februar kl 07:30: Arbeidet med vassbrotet har pågått heile natta, men grunna utfordringar er brotet endå ikkje utbedra. Abonnentane er dessverre framleis utan vatn, og arbeidet held fram utover morgonen.
Oppdatert 12.februar kl 14:30: Vassforsyninga i Auredalen er for dei fleste forventa å vere tilbake i løpet av ettermiddagen. Nokre få abonnentar har fått melding om at dei truleg må vente til ut på kvelden før vassforsyninga er på plass igjen.