SLT-koordinator

SLT står for Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggande Tiltak. I Bjørnafjorden kommune har vi ein SLT-koordinator som sikrar at ressursane hos kommunen og politiet er samkøyrde og målretta. 

Kva er SLT?

SLT-koordinatoren legg til rette for målretta, tverrfagleg samarbeid mellom kommunale sektorar, einingar og avdelingar, politiet, frivillige lag og organisasjonar og næringslivet for å gi barn og unge i Bjørnafjorden rett hjelp til rett tid.  

Slik er SLT-modellen bygd opp

SLT har tre nivå som har faste møtepunkt i løpet av året: 
SLT utførande, SLT koordinerande og Politiråd.  

  • SLT utførande møtest seks gongar i året. Her møtest dei som arbeider direkte med barn og unge. Det er om lag 20 personar som møtest fast. 
  • SLT koordinerande har om lag 15 representantar, og møtest fire gongar i året. Her møtest mellomleiarar og leiarar frå om lag dei same tenestene som på SLT utførande. 
  • Politirådet er det styrande nivået i SLT-modellen. Her møtest leiarar i kommune og politi om lag tre gongar i året. 
     

SLT-koordinator deltar i møta på alle tre nivå, og kallar inn til og leier møta i SLT utførande og SLT koordinerande. 
SLT- koordinator skal vere bindeledd mellom dei tre nivåa, og formidle kunnskap om kva som rører seg i kommunen. 
Målet er at alle skal vere oppdaterte om kva som rører seg i Bjørnafjorden, slik at vi kan sette i verk tiltak. 

Les meir om SLT-modellen på Konfliktrådet si nettside.

Dette gjer SLT-koordinatoren

Los i systemet

SLT-koordinatoren arbeider på systemnivå, og kan hjelpe med å lose deg i rett retning i det kommunale systemet. Bjørnafjorden kommune er ein av om lag 200 kommunar i landet som har SLT-koordinator.

Dette er nokre av oppgåvene til SLT-koordinatoren: 

  • Er sekretær i ungdomsrådet og ungdommens politiråd 
  • Er med i konsultasjonsteam mot vald og overgrep
  • Driv dopingførebyggande arbeid 
  • Er Ungdata-koordinator, og formidlar dei lokale resultata av den store Ungdata-undersøkinga, der ungdommane sjølve svarar på korleis dei har det
  • Skriv søknadar til ulike tiltak
  • Har faste møtepunkt med relevante tenester som arbeider tett på barn og ungdom

 

Er du uroleg for eit barn eller ein ungdom? 

Bjørnafjorden kommune brukar modellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for å sikre at barn og unge får rett hjelp til rett tid. På BTI-sida finn du ei oversikt over kvar du kan ta kontakt dersom du er uroleg for eit barn eller ein ungdom. 

Kontakt

Elin Tuft
Spesialkonsulent
Telefon: 90810495
Mobil: 90810495