Økonomiplanen tar utgangspunkt i dei langsiktige måla, strategiane og utfordringane i kommuneplanen, og fortel korleis kommunen skal bruke ressursane for å nå politisk vedtatte mål.
Årsbudsjettet er første året i økonomiplanen, og fortel korleis kommunen skal bruke inntektene sine for å gi tenester til innbyggjarane. Eit krav til budsjettet er at kommunen ikkje brukar meir til drift enn det kommunen mottar av inntekter same året.
I Bjørnafjorden kommune er det rammebudsjettering, som vil seie at politikarane vedtar dei økonomiske rammene for drifta på sektor-nivå. Kommunedirektøren fordeler så midlane til dei ulike tenestene.
2026
Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2026/økonomiplan 2026 - 2029
Behandling i formannskapet 4 desember 2025:
I møtet blei lagt fram:
Budsjettdokument 2026 - 2029 frå FrP, H, KrF, INP,U (PDF, 2 MB)
Budsjettdokument 2026 - 2029 frå Ap (PDF, 311 kB)
Kommunedirektøren sitt framlegg til Budsjett 2026/Økonomiplan 2026 - 2029 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2026 - 2029 frå Ap fekk 2 røyster.
Kommunedirektøren sitt framlegg til Budsjett 2026/Økonomiplan 2026 - 2029 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2026 - 2029 frå FrP/H/KrF/INP/U fekk 6 røyster, og blir dermed Formannskapet si innstilling til kommunestyret i saka.
I etterkant av møtet i formannskapet har også desse partia lagt fram budsjett:
Budsjettdokument 2026 - 2029 frå Sp (PDF, 372 kB)
Har du merknader til budsjettet?
Bjørnafjorden formannskap si innstilling til Budsjett for 2026/Økonomiplan 2026 - 2029 inkl. gebyr- og prisliste for 2026 blir lagt ut til offentleg ettersyn etter formannskapet sitt møte 4. desember 2025. Kommunestyret vil gjere endeleg vedtak i saka 18. desember 2025.
Frist for å sende merknad til budsjettet er 17. desember 2025.
2025
Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2025/økonomiplan 2025-2028
Behandling i formannskapet 05.12.2024:
I møtet blei lagt fram
Budsjettdokument 2025 – 2028 frå Sv (PDF, 214 kB)
Budsjettdokument 2025 – 2028 frå Ap (PDF, 381 kB)
Budsjettdokument 2025 – 2028 frå FrP/H/KrF/INP (PDF, 549 kB)
Votering:
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 fekk 0 røyster.
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 med dei endringane som går fram av budsjettdokumentet frå SV fekk 1 røyst.
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 med dei endringane som går fram av budsjettdokumentet frå Ap fekk 2 røyster.
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2025 – 2028 frå FrP/H/KrF/INP fekk 6 røyster, og blir dermed Formannskapet si innstilling til kommunestyret i saka.
Har du merknader til budsjettet?
Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjettet for 2025 og økonomiplanen 2025 – 2028 inkl. gebyr- og prisliste for 2025 blir lagt ut til offentleg ettersyn etter formannskapet sitt møte 05.12.2024. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 19. desember 2024.
Send merknad
Frist for å sende inn merknad er 18. desember 2024
Budsjettdokument frå andre parti:
Budsjettdokument 2025 – 2028 frå MDG (PDF, 661 kB)
Sp - Budsjett og økonomiplan 2025-2028 (PDF, 888 kB)
I kommunestyremøte 19.12.2024 blei det lagt fram oppdaterte budsjettdokument frå nokre av partia:
FrP H KrF INP - Budsjett og økonomiplan 2025 - 2028 oppdatert 19.12.2024 (PDF, 553 kB)
Ap - Budsjett og økonomiplan 2025-2028 oppdatert 19.12.2024 (PDF, 383 kB)
SV - Budsjett og økonomiplan 2025-2028 oppdatert 19.12.2024 (PDF, 217 kB)
Tidlegare år sine budsjettframlegg
Budsjettframlegg for 2024
Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2024/økonomiplan 2024-2027
Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjettet for 2024 og økonomiplanen 2024 - 2027 inkl. gebyr- og prisliste for 2024 blir lagt ut til offentleg ettersyn etter formannskapet sitt møte 30.11.2023. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 14. desember 2023.
Har du merknader til budsjettet?
Send ev. merknader i høyringsskjemaet du finn her: bjornafjorden.kommune.no/merknadbudsjett
Frist for å sende inn merknad er 13. desember 2023.
Behandling i formannskapet 30.11.2023:
I møtet blei det lagt fram
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå Ap pr 30.11.2023 (PDF, 351 kB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå FrP og H pr 30.11.2023 (PDF, 405 kB)
Røysting:
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2024/Økonomiplan 2024 - 2027 fekk 0 røyster.
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2024/Økonomiplan 2024 - 2027 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2024 frå Ap pr 30.11.2023 fekk 4 røyster.
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2024/Økonomiplan 2024 - 2027 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2024 frå FrP og H pr 30.11.2023 fekk 5 røyster, og blir dermed Formannskapet si innstilling til kommunestyret i saka.
I etterkant har og andre parti lagt fram budsjettdokument:
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå INP (PDF, 2 MB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå SV (PDF, 147 kB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå MDG (PDF, 250 kB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå Sp (PDF, 2 MB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå Venstre (PDF, 429 kB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå Ap oppdatert pr 14.12.2023 (PDF, 363 kB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå FrP/H oppdatert pr 14.12.2023 (PDF, 408 kB)
Budsjettdokument 2024 - 2027 frå INP oppdatert pr 14.12.2023 (PDF, 2 MB)
Kommunestyret behandla 14.12.2023 Budsjett 2024/Økonomiplan 2024 - 2027. Budsjettdokumentet frå FrP/H oppdatert pr 14.12.2023 fekk fleirtal. Det vil seie at det vedtatte budsjettet tar utgangspunkt i budsjettframlegget frå kommunedirektøren, men blir justert for dei endringane som går fram av Budsjettdokumentet frå FrP/H oppdatert pr 14.12.2023. Fullstendig vedtak med alle verbalpunkt:
Vedtak Budsjett 2024_Økonomiplan 2024 - 2027.pdf (PDF, 244 kB)
Gebyrregulativ og prisliste 2024 - Vedtatt av Kommunestyret 141223.docx
Budsjettframlegg for 2023
Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2023/økonomiplan 2023 - 2026
Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjettet for 2023 og økonomiplanen 2023 – 2026 inkl. gebyr- og prisliste for 2023 blir lagt ut t til offentleg ettersyn etter formannskapet sitt møte 01.12.2022. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 15. desember 2022.
Har du merknader til budsjettet?
Send merknader på e-post til post@bjornafjorden.kommune.no
Frist for å sende inn merknad er 14. desember 2022.
Behandling i formannskapet 01.12.2022:
I møtet blei det lagt fram
Budsjettframlegg frå Sv (PDF, 418 kB)
Budsjettframlegg frå MDG (PDF, 342 kB)
Budsjettframlegg frå Ap/Sp (PDF, 311 kB)
Budsjettframlegg frå FrP/H/KrF/Uavhengig repr. Magne Djuvik (PDF, 432 kB)
Ved røysting fekk
Budsjettframlegget frå Sv 1 røyst
Budsjettframlegget frå MDG 1 røyst
Budsjettframlegget frå Ap/Sp 3 røyster
Budsjetteframlegget frå Frp/H/KrF/Uavhengig representant Magne Djuvik 4 røyster
Ingen av framlegga fekk såleis fleirtal. Det blei så røysta over Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg, som fekk 9 røyster, og dermed blir Formannskapet si innstilling til budsjett for 2023 og økonomiplan for 2023 - 2026.
Behandling i kommunestyret 15.12.2022:
Nokre av partia la fram oppdaterte budsjettframlegg til kommunestyremøtet:
Oppdatert budsjettdokument frå SV (PDF, 418 kB)
Oppdatert budsjettdokument frå MDG (PDF, 270 kB)
Oppdatert budsjettdokument frå FrP/H/KrF/Uavhengig representant Magne Djuvik pr 15.12.2022 (PDF, 486 kB)
Budsjettframlegget frå FrP, H, KrF og Uavhengig representant Magne Djuvik fekk fleirtal ved behandlinga av budsjett 2023/økonomiplan 2023 - 2026 og blei såleis vedtatt.
Melding om vedtak - Budsjett 2023_Økonomiplan 2023 - 2026 (PDF, 405 kB)
Gebyrregulativ og prisliste 2023 - Vedtatt i Kommunestyret 15.12.2022
Budsjettframlegg for 2022
Budsjettframlegg for 2021
Budsjettframlegg for 2020
Sjå også: Tertialrapportar og årsmeldingar