Avlyser skibussen 6. mars
Eikedalen skisenter held stengt dei neste dagane på grunn av lite snø, varmegrader og atmosfærisk elv på veg. Dermed må vi dessverre avlyse skibussen frå Eikelandsosen 6. mars.
Lite snø og begredeleg vêrmelding. Eikeldalen skisenter held stengt dei neste dagane.
Skjermknips webkamera Eikedalen skisenter
Dei påmelde får beskjed, og skikort blir refundert
Alle påmelde får beskjed på sms/e-post. Dei som har kjøpt skikort til 6. mars får pengane tilbake, eller dei kan bruke skikortet ein annan gong.
Håpar på vêromslag før siste planlagde skibuss
Turen som er sett opp til kveldskøyring 20. mars (skibuss frå Os) går som planlagt, så sant det kjem snø i bakken.
Her finn du informasjon om påmelding til denne siste sjanse-turen
Publisert 03.03.2025 12:50